Forsterka smitteverntiltak – munnbind påbode i Bergen
I samband med forsterka smitteverntiltak, gjeld følgjande råd og tiltak i kollektivtrafikken i kommunane Bergen, Kvam, Ulvik, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Gjeldande frå sundag 7. februar kl. 18.00:
- Hald deg mest mogleg i ro og ikkje reis kollektivt viss ikkje du må
- Munnbind er no påbode på kollektivtrafikk og på innandørs stasjonsområde
- Ikkje gå på transportmiddelet viss du ser at det ikkje er mogleg å halde god avstand
- Kundesenteret til Skyss på Bergen busstasjon blir stengt denne veka (8.-13. februar), men de svarer deg skriftleg og på telefon som vanleg
- Rutetilbodet blir ikkje endra, men Skyss vil overvake passasjertala og fortløpande vurdere om det er behov for å setje inn ekstraavgangar
- Skyss har dialog med dei enkelte kommunane om kapasiteten i skoletransporten