Ny løysing for sal og billettering
– Kollektivreisande over heile landet vil få eit betre tilbod når ein ny nasjonal reiseplanleggjar er på plass, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Regjeringa har vedteke å opprette eit statleg selskap som skal samle rutedata for all kollektivtransport i Noreg og drive ei løysing for nasjonal reiseplanleggjar på tvers av kollektivslag. Selskapet vil også få ansvar for sal av jernbanebillettar i framtidas reformerte togsektor og dermed sikre at dei reisande kan kjøpe togbillettar like enkelt som i dag. I tillegg vil kvar enkelt togoperatør stå fritt til å selje eigne billettar.
På sikt er det ein ambisjon å inkludere funksjonar for kjøp av billettar i den same løysinga. Dette gjer at all reiseplanlegging inkludert betaling for reisa kan gjerast i ein operasjon.
– Oppdatert reiseinformasjon som er lett tilgjengeleg på nett og handhalde datamaskinar er viktig for å få enda fleire til å reise med kollektivtransport. Det er også eit mål at det er enklast mogeleg for kunden å kjøpe billett, seier Solvik-Olsen.
Billettsal i reformert jernbanesektor
Det nye selskapet vil også spele ei rolle i framtidas jernbanesektor. Med jernbanereforma kan det bli fleire nye togselskap i Noreg frå 2018, og det er derfor viktig å få på plass eit system for felles sal av togbillettar. – Med det nye selskapet sikrar vi at dei reisande kan kjøpe togbillett utan å setje seg inn i kven som trafikkerer dei ulike strekningane, seier Solvik-Olsen.
Det nye selskapet vil basere seg på gjeldande funksjonar for sal og billettering innanfor NSB i dag, og skal overførast til Samferdselsdepartementet i løpet av fyrste halvår 2017.
Det har lenge vore vurdert å opprette den såkalla Rutebanken som skulle vere ein nasjonal reiseplanleggjar med tilrettelegging for elektronisk billettering for all kollektivtrafikk. – Vi ser at Rutebanken og det nye selskapet for sal og billettering bygt på NSB si løysing har mange beslekta oppgåver, og regjeringa går derfor inn for å samle desse i det nye selskapet, seier samferdselsministeren.