Gratis transport for asylsøkarar
Frå 1. februar blir det gratis transport for asylsøkarar med gyldig asylsøkarbevis i Vestland. Dette er ei prøveordning som skal vare inntil vidare. Her finn du informasjon om kva transportmiddel ordninga gjeld for og kva som er gyldig reisebevis.
Frå 1. februar gjeld følgande:
- Asylsøkarar med asylsøkarbevis kan reise gratis med kollektivtransport i Vestland fylke. Dette gjeld på Skyss sine transportmiddel buss, bybane og båt, med nokre unntak.
- Ordninga gjeld ikkje på følgande båtruter:
- Turitsbåtrute Hardanger: Norheimsund – Eidfjord
- Turistbåtrute Flåm
- Ordninga gjeld ikkje for ekspressbussar
- Ordninga gjeld frå 1. februar og inntil vidare
Ordninga om gratis reise for ukrainske flyktningar blir endra
Ordninga frå 2022 med gratis kollektivtrafikk for ukrainske flykningar i Vestland fell vekk og blir erstatta med ny ordning. Det vil seia at kun ukrainske flyktningar med gyldig asylsøkjarbevis kan reise gratis frå 1. februar.