980 millioner til kollektivtransport og ytterligere 400 skal fordeles
– Regjeringa ønskjer å stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. For mange er privatbil i dag det beste alternativet for å få kvardagen til å gå i hop. Desse må få eit betre alternativ. Vi vil auke valfridomen for dei reisande, slik at fleire vel å gå, sykle eller reise kollektivt. Midlane frå den såkalla Belønningsordninga legg til rette for dette, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Dei ni største byområda i landet hadde belønningsavtalar med staten ved utløpet av 2015. Det er avtalefesta følgjande fordeling mellom desse byområda i 2016:
- Oslo med 280 millioner
- Bergen med 140 millioner
- Trondheim med 170 millioner
- Stavanger med 60 millioner
- Kristiansand med 80 millioner
- Buskerudbyen med 80 millioner
- Skien/Porsgrunn med 60 millioner
- Fredrikstad/Sarpsborg med 50 millioner
- Tromsø med 60 millioner
Dette utgjer alt i alt 980 millionar kroner. Desse midlane blir utbetalt på bakgrunn av om den årlege rapporteringa viser at byområda har oppfylt krava i avtalane med staten.
400 millionar kroner blir fordelt seinare i år
Samferdselsdepartementet kjem på eit seinare tidspunkt attende med fordelinga av det resterande beløpet på 400 millionar kroner.
– I statsbudsjettet for 2016 er det alt i alt løyvd 1 380 millionar kroner til Belønningsordninga. Det er ein auke på 46 prosent samanlikna med forslaget i det siste budsjettforslaget frå den førre regjeringa i 2013. Det er eit taktskifte i satsinga på kollektivtransport i byområda som regjeringa er i gang med, seier samferdselsministeren.