6600 tonn mindre Co2-utslepp årleg

Fylkesordførar Jon Askeland og miljøbyråd Eline Haakestad var om ikkje heilt elektriske, så iallfall svært glade på den offisielle opninga av ny busskontrakt for Bergen sentrum tysdag ettermiddag. Det er kome 112 nye, elektriske bussar i trafikk, og samla gir kontrakten 6600 tonn mindre CO2-utslepp årleg.

– Mannsverk er blitt heilelektrisk, og vi er no nest-størst i Norge på el-buss-drift. Vestland fylke er blitt ein gigant på elektrisk transport, med 102 elbussar, ti trolleybatteribussar, med Bybanen som er under vidare utbygging, og med 19 elektriske ferjesamband, sa fylkesordførar Jon Askeland i talen til pressa og dei inviterte.

Skyss, som administrerer kollektivtrafikken i Vestland, har tildelt Keolis Norge kontrakten på bussdrift for ruteområdet Bergen sentrum. Med i kontrakten er også 26 fossilfrie bussar på biodrivstoff, som skal ha tilhaldsstad på Straume på Sotra. Kontrakten for Bergen sentrum er ein av dei største busskontraktane i Norge og trafikkerer dei sentrale busslinjene i Bergensdalen, sentrum og i Bergen vest.

Dei elektriske bussane vil utgjere om lag ein fjerdedel av alle bussane som går i rute i Bergen.

Hardt arbeid bak omlegginga

Allereie i morgontimane i dag strøymde dei nye el-bussane ut i vegnettet, og dei gamle gass- og dieselbussane hadde sin siste dag i ruteområdet i går. Det var Tide Buss som hadde den førre kontrakten, som starta i 2011 og varte til og med i går. I løpet av natta vart Mannsverk klargjort for ein ny æra med Keolis ved roret. Keolis-direktør Gry Miriam Olsen la ikkje skjul på at det har vore mange månader med hardt arbeid for å få alle brikkene på plass til oppstarten.

På Mannsverk har det også vore jobba i lang tid med å fjerne gassanlegget og leggje til rette for lading av bussar. Det er dessutan lagt ny straumkabel heile vegen frå Montana til Mannsverk for å sikre anlegget nok straumkapasitet.

Betre luft og mindre støy

­– Dette er ein viktig dag i Bergens historie. Det har altfor lenge vore ei bilbasert utvikling. Eg er svært nøgd med skiftet der ein blir mindre avhengig av at å ha bil, og at det blir reinare luft. Vi vil ha ein by med betre luft, mindre støy og meir folkeliv, sa byråd for klima, miljø og byutvikling, Eline Aresdatter Haakestad i sin tale.

– El-bussane er ikkje berre bra for klima og miljø. Det er ein rein bonus at det også blir mindre støy, og dette er ei investering i folkehelsa. Heilelektriske bussar er rett og slett heilt genialt, sa Haakestad.

Store utsleppskutt

Jon Askeland er også svært begeistra over at dei nye bussane er så stillegåande.

– Eg er stril og heiar på bergensarane. Snart er det ingenting som overdøyver den bergenske skarringa i bygatene lengre, sa han med glimt i auget.

– Med rein vasskraft har elektrisk transport ikkje minst svært stor effekt i klimasamanheng. Kvar buss som blir bytta frå diesel eller gass til straum sparer om lag 50 tonn CO2 i året. I ein tiårskontrakt er det snakk om 500 tonn CO2 spart for kvar einaste buss her på Mannsverk, sa Askeland.

Det totale kuttet i CO2-utslepp i busskontrakten blir på rundt 85 prosent samanlikna med tilsvarande drift på gass/diesel, eller 6600 tonn med CO2 kvart år.

Trolley 2.0

Bergensarar er allereie godt kjente med elektrisk bussdrift gjennom trolleybussane, som byrja å gå i Bergen i 1950. Dei førre trolleybussane kom i 2003 og var godt slitne då dei no endeleg fekk bli pensjonistar. Skyss får no som dei første i Norge erfaring med trolleybatteriteknologi. Trolleybussane kan køyre delar av strekninga utan køyreleidning, og treng dermed ikkje køyreleidning gjennom dei inste bygatene og over Puddefjordsbrua når den nye trolleylinja skal gå frå Nattland og heilt til Lyngbø. Den nye ruta opnar ikkje før Olav Kyrres gate står ferdig til våren.

I talen sin peikte Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø på at den nye trolleyteknologien, som vert kalla «Trolley 2.0», er velprøvd internasjonalt. Ei rekkje byer i Europa har trolleybatteribussar i trafikk, mellom anna i Tyskland, Frankrike, Sveits, Tsjekkia og Italia.

Alle bussar i regionen er fossilfrie

Skyss og Vestland fylke kan samstundes feire at bussdrifta i Bergensområdet no er blitt fossilfri. Busskontraktane som dekkjer Bergen, Os, Nordhordland, Osterøy, Øygarden og Askøy har ingen fossilbussar igjen. Bussane som ikkje er elektriske, går på fossilfritt biodrivstoff. Av desse køyrer svært mange av bussane i Bergen nord på biogass som produsert lokalt i Rådalen av kloakkslam.

Alle må sjå seg for

– Dette er ei av dei største endringane sidan Bybanen kom, sa Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø. Ho hadde sjølv teke trolleybuss til opninga og peikte på at det er eit løft for dei reisande med svært lite støy inne i bussane. Ho ville samstundes minne om at med nye, stillegåande bussar må bergensarane venne seg til å sjå seg ekstra godt for i bygatene.

– Ein buss er ikkje lenger eit bråkete køyretøy, og ein kan ikkje lenger vere sikker på å høyre den. Vi må alle sjå oss for, sa ho.

Passasjerane kan elles glede seg over USB-ladekontakt ved alle dobbeltsete, og det er no setebelte i alle bussane, også bussar av klasse 1 der dette ikkje er eit lovkrav.

Keolis sin første busskontrakt

Kontrakten for Bergen sentrum er Keolis Norge sin første busskontrakt i Norge. For bergensarar er Keolis allereie godt kjend som operatør for Bybanen. Dei har mykje driftserfaring frå Bybanen, og i ryggen har dei brei kompetanse frå bussdrift internasjonalt.

– Vi er veldig stolte over å vere med på denne store endringa i Bergenstrafikken, etter at vi var med på å starte Bybanen for ti år sidan. Vi ønskjer å bruke data frå dei nye bussane til å få meir effektiv kollektivtrafikk og til gode kundeløysingar, sa Keolis sin styreleiar Wenche Kjølås.