Tilskotsordning for kommersielle buss- og passasjerbåtruter blir forlenga
– Vi ser at ekspressbussane framleis har vanskelege driftsvilkår under covid-19-pandemien. Det er difor viktig for oss å forlenge tilskotsordninga for kommersielle ruter. Dette gjer det mogleg å oppretthalde eit tilfredsstillande rutetilbod, noko som kan vere viktig for pendlarar som ikkje har andre gode reisealternativ til og frå samfunnskritiske jobbar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
På grunn av ulempene som koronapandemien påfører transportselskapa, har regjeringa bestemt at tilskotsordninga for kommersielle buss- og passasjerbåtruter blir forlenga ut 2020 og inn i 2021.
Omfanget av ordninga er avgrensa av midlane som Stortinget løyver. Det er hittil løyvd 100 millionar kroner i 2020.
Har foreslått løyving på 100 millionar kroner i første halvår 2021
I forslag til statsbudsjett for 2021 går regjeringa inn for å løyve ytterlegare 100 millionar kroner Desse midlane skal gjelde for perioden januar til juni til neste år. I fall koronapandemien held fram, kjem regjeringa til å vurdere om det er behov for ytterlegare løyvingar.
Samferdselsdepartementet har tidlegare i år gitt Jernbanedirektoratet i oppgåve å administrere den mellombelse ordninga for kommersielle buss- og passasjerbåtruter.