Spleiselag skal gi 47 nye bussjåførar i Vestland

I fjor løyvde fylkestinget i Vestland pengar til å rekruttere fleire bussjåførar. I første runde vart det valt ut 15 kandidatar. No skal eit spleiselag mellom fylket og busselskapa sikre opplæring til ytterlegare 47 sjåførar som skal køyre buss i Vestland.

I den første runden inngjekk Skyss ein avtale med Tide og Vy og dekte heile kostnaden med sjåførutdanning. No kjem ei ny løysing der Skyss har inngått avtale med alle busselskapa som køyrer for dei (Tide, Vy, Firda Billag og Modalen Eksingedalen Billag). I den nye avtalen vil Skyss og kvart busselskap bidra med kvar sin halvpart av opplæringa ved privat køyreskole. Pengane blir fordelte på selskapa etter innmelde behov.

Mangel på bussjåførar har vore ei utfordring i fleire år og har hatt direkte konsekvensar for drifta av kollektivtrafikken. Til saman vil avtalane sikre at det kjem over 60 nye bussjåførar i Vestland.

Glede på begge sider

– Vi er glade for å sjå at pengane strekk så langt. Vi treng mange bussjåførar i fylket vårt, og det er gledeleg å sjå at ordninga om delfinansiering vil gi så mange nye sjåførar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Vi i Vy Buss set stor pris på at fylkestinget og Skyss legg til rette for at fleire kan gjennomføre bussjåførutdanninga ved hjelp av eit spleiselag. Bransjen treng mange nye sjåførar og gode ambassadørar, og dette er eitt av fleire tiltak som bidrar godt på vegen, seier Arild Nylend, prosjektleiar for rekruttering i Vy Buss AS.

– Vi treng ei satsing på rekruttering for å sikre at vi har nok sjåførar til å dekke behovet i dag og i åra som kjem. Vi er sikre på at dette samarbeidet vil vere eit viktig bidrag for å få utdanne fleire bussjåførar, seier Knut Moe, dagleg leiar i Modalen Eksingedalen Billag AS.

– Dette er ei kjempeordning for dei som ynskjer å omskulere seg inn i eit yrke der dei er sikra arbeid. Det er eit viktig tiltak og eit godt samarbeid mellom busselskapa og Skyss, seier Lars Andreas Kårstad, som er dagleg leiar i Firda Billag Buss AS.

Plassane vart rivne vekk

Då det første utdanningssamarbeidet vart annonsert, opplevde selskapa stor interesse. Ifølge Tide Buss vart plassane fort rivne vekk, og fleire av desse kandidatane vil truleg vere ferdig utdanna til påske.

– Vi er svært nøgde med det utvida samarbeidet. Det er i alle si interesse at fleire kan reise med kollektivtransport, og for å lukkast treng vi fleire bussjåførar. Vi kan tilby ein trygg, ansvarsfull og spennande jobb med gode kollegaer, og vi gleder oss til å få fleire flinke sjåførar på laget, seier Jørgen Haukås, administrerande direktør i Tide Buss AS.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.