På torsdag får Førde sjølvkøyrande buss

Vestland fylkes første sjølvkøyrande buss opnar for publikum i Førde i morgon torsdag.

Den offisielle opninga skjer torsdag 16. september kl.11.00 på Høgskolen i Vestlandet ved Campus Verftet på Ytre Øyrane i Førde. Det er fylkesordførar Jon Askeland som skal klippe snora.

– Det er vanskeleg å spå korleis persontransporten kjem til å sjå ut om ti, tjue og femti år, men det er rimeleg sikkert at den vil skilje seg mykje frå slik den er i dag. Denne bussen er eit lite, men viktig steg i utviklinga av kollektivtilbodet i Vestland. Den skal vere med på å sikre at vi får eit godt grunnlag til å utforme tilboda for morgondagen, seier Jon Askeland.

Vert om bord

Bussen skal køyre av seg sjølv i skyttel mellom Concord og Ytre Øyrane måndag til fredag kl. 8-17, med tre avgangar i timen. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar, og den er lagt til rette for rullestolbrukarar. Det vil vere gratis å reise med den. Bussen manøvrerer seg sjølv, men den vil ha ein vert om bord som kan overstyre bussen om det skulle oppstå situasjonar som bussen ikkje sjølv kan handtere. Verten vil også hjelpe og informere passasjerar.

Prøveprosjekt i fire månader

Dette er eit pilotprosjekt, og bussen skal i første omgang køyre på denne strekninga i fire månader. Etter prøveperioden vil Skyss vurdere vidare bruk av sjølvkøyrande buss i rutetilbodet. Pilotprosjektet er samfinansiert av samarbeidspartnarane Skyss, Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og sponsorane BKK og Enivest AS. Vy har kontrakten for busskøyringa.

Sjølvkøyrande teknologi er i stadig utvikling. Det er sett i verk testing og bruk av sjølvkøyrande køyretøy fleire stader i Norge, mellom anna i Stavanger, Oslo, Kongsberg, Drammen, Bærum og Trondheim. Poenget med prosjekta er ikkje berre å teste ut at bussane kan køyre av seg sjølv, men å finne gode forretningsmodellar, god prosjektorganisering med fleire partar og å utvikle nytteverdien for brukarar med ulike behov og under ulike tilhøve.

Førde først i Vestland

Førde blir med dette først ut i Vestland med sjølvkøyrande buss.

– Vi er stolte over å vere vertskommune for dette første pilotprosjektet. Ved å introdusere nye løysingar som sjølvkøyrande buss, er vi med på å skape haldningar og idear kring framtidig mobilitet i regionen vår, seier Jan-Inge Hage, kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune.

Studentar kom med ideen

Det var studentar ved Høgskulen på Vestlandet som først lanserte ideen om ein sjølvkøyrande buss i dette området, på ein workshop om innovasjon og entreprenørskap. HVL har som partnar vore sterkt medverkande til at bussen kom på vegen.

– Vi er veldig stolte over dette prosjektet! Ideen til studentane blei utvikla vidare, og resultatet viser kva vi kan få til når høgskulen og næringslivet jobbar godt i lag, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL.

Helse Førde er også ein sentral partnar i prosjektet.

– Som ein stor samfunns- og utviklingsaktør i regionen er det viktig for oss å medverke til innovasjon i logistikk, transport og samferdsle. Dette prosjektet speglar også intensjonane i vår eiga utvikling som eit grønt sjukehus. Autonome bussar har slik sett fleire kontaktpunkt med Helse Førde,

uavhengig av om vi kan ta dei i bruk no eller i framtida, seier Helge Robert Midtbø, direktør for Drift og Eigedom i Helse Førde.

Fleire sponsorar

Med på laget er to private sponsorar, BKK og Enivest AS.

– Vi ser på dette som ein smakebit av kva framtida vil bringe. BKK ser nytten i vere med i prosjekt som dette frå starten, slik at vi får meir innsikt i autonomi og at vi heng med i takt med utviklinga av teknologien, seier Lars Christian Danby Engø, prosjektingeniør i BKK.

Også Enivest ønskjer å assosiere seg med prosjekt med innovasjon og teknologi i høgsetet.

– Digital kompetanse vil bli endå viktigare i framtida. Den raske utviklinga innan kunstig intelligens, sensorstyring, mobilitet og autonomi er sterke bevis på dette, og då må vi tørre å satse på slike læringsprosjekt, seier Nandor Helgheim, adm. direktør i Enivest.

Vy har busskontrakten

Det er Vy som har kontrakt på busskøyringa på oppdrag for Skyss.

–  Vy er stolte over å være med på dette framtidsretta prosjektet i Førde. Vi skal lære endå meir om korleis sjølvkøyrande bussar kan bidra til eit trygt og godt reisetilbod. Sjølvkøyrande bussar kan spele ei viktig rolle i framtida for å gjere kollektivtrafikken endå meir attraktiv, seier Synne Homble, konserndirektør for kundeopplevelse og innovasjon i Vy.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.