Leserinnlegg: Rekrutering til bussjåføryrket
Leserinnlegg: Mange selskap som driv med persontransport med buss, slit med å få tak i sjåførar. Kvifor er det slik?
Kvifor vèl brorparten av dei som utdannar seg til yrkessjåfør å køyre lastebil? Eg jobbar som bussjåfør. Eg er 33 år gamal, og trass min alder, er eg av dei som dreg ned snittalderen i yrket.
I dette innlegget ynskjer eg å sette lys på kva som gjer at det ikkje kjem nye sjåførar til yrket, og kva som må gjerast for at fleire vèl dette yrket. Vi treng å få inn nye sjåførar, so, vil bli verande i yrket.
I min oppvekst song vi songen om ein bussjåfør, som er ein mann med godt humør. Det er forskjellig med den songen som er litt feil. For det fyrste, ein bussjåfør er ikkje nødvendigvis ein mann. Fleire og fleire kvinner vèl å bli bussjåfør. Ei flott og positiv utvikling. Eg har sjølv ei mor som har køyrt buss i over 20 år.
For det andre, så er ikkje ein bussjåfør i dag nødvendigvis ei kvinne, eller man med godt humør. Og det er ikkje nødvendigvis kvinna, eller mannen som køyrer bussen sin feil, at dei ikkje har godt humør.
For å ha godt humør, er det svært viktig å ha ein god arbeidsgjevar, gode kollegaer, godt arbeidsmiljø og generelt ha det bra på jobb. Eg er heldig å få jobbe for eit lite lokalt selskap. Det er kort veg frå oss sjåførane og opp til toppleiinga. Men eg har òg prøvd meg i eit stort nasjonalt selskap, der eit fåtal av sjåførane veit kva dei i toppleiinga i det heile tatt heiter. Der sjåførane er eit nummer.
Eg har òg snakka mykje med mor mi om dette. Ho starta tidleg på 90-talet i eit flott lite lokalt selskap som dreiv med rutetrafikk. Men etter kvart som åra har gått, har selskapet blitt oppkjøpt og fusjonert fleire gongar, og er per i dag i eit stort nasjonalt selskap. Eit selskap der leiinga ser på dei ansatte som eit «nødvendig onde». Ho seier at for kvar gong det har vore eit oppkjøp, eller fusjon, har det blitt litt dårlegare forhold for sjåførane.
Kvifor vert selskapa større og meir upersonlege?
Mykje av dette har med anbod av kollektivtrafikken å gjere. Krav og størrelse i anboda, gjer at mange mindre selskap ikkje ser seg i syn med å i det heile tatt levere inn eit anbod. Sjå for eksempel på Trøndelag. No har eit selskap, med unntak av deler av Trondheim sentrum, heile Trøndelag fylke (gamle sør Trøndelag, og nord Trøndelag). Dette er eigentleg ikkje så rart når heile Trøndelag, med unntak av Trondheim sentrum, er oppdelt i berre 3 «rutepakkar».
Ein annan ting med anbod. Det selskapet som vinn anbodet, er som regel det selskapet som leverer den lågaste prisen. Når selskapet med den lågaste prisen skal køyre bussrutene i «rutepakken», må dei spare pengar der dei kan. Etter at bussane, drivstoff (diesel, gass, straum), serviceavtalar, vaskeutgifter, uniformer, dekk, forsikringar, administrasjonskostnadar, husleige, osv. så er det ikkje så mykje igjen til sjåføren.
Sjåføren har fått kortare oppmøtetid, enn før. Leiinga meinar han ikkje treng så mykje tid på å starte bussen å køyre. Leiinga køyrer nemleg ikkje buss sjølve. Dei har ikkje forstått at ein yrkessjåfør har plikter før han kan køyre bussen. Sjåføren må ta ein dagleg kontroll av køyretøyet. Ein kontroll mange sjåførar, over heile landet, gjer på dugnad på fritid si. På dugnad for eit stort busselskap, der sjåføren er eit nummer.
Bussjåførar har også noko som kallast «delt skift». Det betyr at sjåføren har ei «pause» midt på dag. Vi snakkar då ikkje om ei lunsjpause. Vi snakkar om ei «pause» på 2-5 timar, ubetalt. Og kanskje skal sjåføren ha ein annan buss på ettermiddagen, enn på morgonen. Då er det tid for dugnad, for andre gong den dagen. I monge tilfelle har sjåføren, etter endt arbeidsdag, køyrt til og frå jobb 2 gongar på ein dag, og fått betalt for 4,5 time. Ved mange avdelingar rundt om i Norge er det også svært få 100% stillingar som bussjåfør. Det er ofte 50% – 80% stillingar.
Svært få unge ynskjer noko mindre enn 100% stilling. Om ein ung sjåfør kjem i banken med 60% av ei brutto inntekt på 33 000,- i månaden å spør om bustadlån, trur eg sjåføren vert skuffa. Unge skal skaffe seg ein heim, stifte familie og elles leve eit liv ved sidan av jobb. Dei ynskjer ikkje å starte på jobb før ungane vaknar, ha fri medan ungane er på skulen og avslutte dagen rett før ungane skal legge seg.
På grunn av få arbeidstimar iløpet av arbeidsveka, må ein også ofte jobbe helgar. Noko anna, er statens fronting av autonome bussar, eller sjølvkøyrande bussar, om ein vil. Dette trur eg er noko som kan skremme vekk mange unge frå å velje dette yrket. Unge i dag vil ikkje velje eit yrke, utan framtidsutsikter.
Eg er ikkje redd for å miste jobben min, til fordel for sjølvkøyrande bussar. Men det er noko med måten dette vert lagt fram på, der dei som skal velje yrke kanskje ikkje forstår at det vil være eit bussjåføryrke i framtida.
Frykteleg mykje negativitet i innlegget mitt om, for meg, Verdas flottaste yrke. Men for å få fleire i yrket, må vi rette opp i denne negativiteten.
Det fyrste som må til for å rette opp i dette, er at prisen på anboda må opp. Og alt ekstra som kjem inn ved høgare prisa anbod, må gå til sjåførane. Ikkje glastak i bussane (anbod i Nordland), høgare løn og bonus til direktørane. Alt må gå til sjåførane. Fleire 100% stillingar, høgare løn, færre delte skift og betre fasilitetar der sjåførane må følgje naturens gang.
Ein siste ting. I Norge har vi ei øvre aldersgrense på 75 år for å køyre buss. Fleire gongar er det blitt fremma forslag om å heve denne grensa, for å avverge ei varsla sjåførkrise. Å nytte seg av denne løysinga, er det same som å pisse i buksa når ein frys. Det hjelp godt på der og då, men er ei frykteleg kortsiktig løysing.
Hilsen Runar Lindholdt Djupvik, En bussjåfør med godt humør