Frå 470 til sju soner

Frå hausten blir det berre sju takstsoner i Hordaland.
Fylkestinget i Hordaland har vedteke å redusere talet på takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland frå 470 til sju. Dette vert sett i verk frå onsdag 1. august 2018.
– Ny takstsonestruktur i Hordaland er eit viktig og naudsynt tiltak for å gjere det lettare å reise kollektivt i heile fylket. Målet med forenklinga er å få fleire kollektivreisande, slik det er skildra i Kollektivstrategien for Hordaland fram mot år 2030, seier Hanne Alver Krum, leiar for sals- og marknadsavdelinga i Skyss.

Nye sonegrensar
Pendlar- og passasjerstraumar, skolekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlege grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeide den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stader krysse kommunegrenser eller buss- og vegforbindelsar. Det som i dag vert omtalt som sone Bergen, får namnet «Sone A» og blir vesentleg større enn i dag. Her har ein teke omsyn til dei store pendlarstraumane frå nord, vest og sør. Sone A inkluderer kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Os.
– Svært få vil krysse soner i den nye modellen. Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reise innanfor ei sone. Innføring av ny takst- og sonemodell gir ein enklare kvardag for dei aller fleste kollektivreisande i fylket vårt, seier Hanne Alver Krum.

Endringar i billettar og prisar
Det blir også enklare å kjøpe billett. Frå og med 1. august kan appen «Skyss Billett» nyttast i heile fylket. – Dette trur vi mange vil sette pris på, i dagens sone Bergen brukar om lag 70 prosent appen som betalingsmiddel, seier Hanne Alver Krum.
Enkeltbillett vil vere gyldig i 90 minutt innanfor ei sone, og i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for. Innanfor kvar sone blir det ein pris i heile sonen. Om du skal krysse ei sonegrense, blir billetten dyrare etter kor mange grenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett blir fire soner, og tre for periodebillettane. Ombordtillegget på enkeltbillettar for vaksen, barn og honnør blir utvida frå dagens sone Bergen til heile Sone A, det vil seie pristillegg ved kontant betaling om bord. Om du kjøper billetten i «Sone A» om bord, må du betale ombordtillegg sjølv om du skal reise over fleire soner. Også ordninga med kommisjonærbillettar vil etter kvart bli utvida med salsstadar utanfor Bergen slik at fleire reisande får alternativ til kontant betaling om bord.

Informasjon til reisande
Detaljert informasjon med prisar og sonekart ligg ute på ei samleside på skyss.no.

Skyss informerer også på plakatar og skjermar om bord i transportmidla og på terminalar. Frå 1. august vil det også vere informasjonsfoldarar tilgjengeleg i bussane, der dei reisande mellom anna finn informasjon om korleis ein tar i bruk mobil-appen. Skyss mobilapp vil bli oppdatert med nye soner og prisar frå og med 1. august 2018.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.