NYBYGG TIL 100 MILLIONAR
Stor stas då avtalen om det nye hovudkvarteret til Telemark Bilruter blei signera på tomta rett ved E134 i Seljord!
Hilde Fjellheim og Morten Olav Dyrud frå Telemark Bilruters styre skreiv under på panseret til totalentreprenør Viking Bygg og dagleg leiar Roy Olav Riis.
– Dette blir eit bygg for framtida der me samlar administrasjon, terminal, verkstad, vedlikehald og vask på kremtomta ved E134. Me i Telemark Bilruter er stolte av å kunne lyfte området og satse vidare i regionen, seier styreleiar Hilde Fjellheim.
Sigalbygget blir vel 3000 kvadratmeter stort, og i august startar Viking Bygg sitt arbeid som har ei kostnadsramme på mest 60 millionar kroner.
– Det er stas at me fekk anbodet, og eg lovar at Telemark Bilruter skal kunne flytte inn i det nye signalbygget i mai 2022, smiler den lokale utbyggjaren Roy Olav Riis. Han veit at det er tida og vegen!