Prøveprosjekt HentMeg i Odda

11. februar blir det offisiell markering i Odda for prøveprosjektet HentMeg, der du kan bestilla bussen når du treng den, i staden for å følgja faste rutetider.

I staden for å sjekka reiseplanleggaren eller rutetabellen, kan folk i området Odda/Tyssedal tinga bussen sjølv på visse tider av dagen. Bestillinga skjer på hentmeg.no eller ved å ringe kundesenteret til Skyss. Bussen køyrer etter «først til mølla»-prinsippet og hentar deg på næraste busshaldeplass, og køyrer deg til busshaldeplassen som ligg nærast dit du skal.

Billettprisen er den same som for vanleg kollektivtransport.

Prøveprosjektet er basert på løysinga som kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland har etablert i Sauda. Liknande løysingar er òg å finna i Kongsberg, Bodø og Bø i Telemark.

Målet med prosjektet er meir nøgde kundar og betre bruk av kollektivmidla. Det er betre for miljøet om bussen berre køyrer når det trengs, og står i ro når ingen skal reise.

Området Odda er valt grunna låge passasjertal utanom skolekøyringa, og reisemåla i Odda ligg sentralt, som fritidstilbod, kommunale tenester og liknande.

HentMeg i Odda er eit samarbeid mellom Skyss, Kolumbus, Ullensvang kommune og teknologiselskapa SpareLab og Geta.