Tide ønsker å tette hull i rutenettet
Tide buss AS har nyleg sendt søknad om løyve til Hordaland Fylkeskommune om å køyre ekspressbussrute mellom Sogndal og Bergen, og har nå fått svar at de kan starte opp 24. juni i år.
Nyleg meldte VY (Nettbuss) at dei ville leggje ned strekninga Voss-Bergen på ekspressbussruta som går mellom Sogndal og Bergen frå 24. juni i år. Det oppstår då eit hol i busstilbodet mellom Sogndal og Bergen som Tide Buss AS ønskjer å tette.
– Eg trur det framleis er behov for ei direkterute mellom Sogndal og Bergen. Mange stadar langs denne strekninga er ekspressbussane det raskaste og viktigaste fylkeskryssande kollektivtransportalternativet, seier Svein Helge Hauge som er produkt- og konseptsjef i Tide Buss AS.
Han peikar på at det ved overgangen til nye Vestland fylke vil vere viktig med eit godt transportalternativ til privatreiser, jobbreiser, for turistar og studentar.
Ekspressbussruta, kalla Sognefjordekspressen, vil i fyste omgang ha ein dagleg avgang, måndag til fredag og søndag, i kvar retning. Rute blir lagt opp slik at det er mogleg å reise tur/retur Sogn-Bergen på ein dag, og endestopp i Bergen blir på Haukeland sjukehus slik at man kan bruke ekspressbuss i samanheng med sjukehusavtaler. I sommarhalvåret vil tilbodet bli utvida med ei dagleg sesongrute mellom Bergen og Flåm.
– Vi veit at denne ruta betyr mykje for innbyggjarane i Sogn som reiser til og frå Bergen i ulike ærend. Dette tilbodet er kanskje spesielt viktig for dei som skal til Haukeland sjukehus. Difor har vi lagt opp til at ruta vil ha endestopp like ved sjukehuset, seier Hauge.
Tide vil leggje vekt på at bussruta korresponderer med annan kollektivtransport i regionen på viktige knytepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster. Det er likevel ei forutsetning at ekspressbussruta blir godkjend av Hordaland Fylkeskommune og at det skjer ei rask sakshandsaming. Tide får i fyste omgang starte opp ruta på dispensasjon, inntil løyvesøknaden er ferdig behandla. Ruta vil køyre under profilen til Nor-Way Bussekspress.
– Vi ønskjer å sikre at det framleis finnast eit fullverdig tilbod mellom to sentrale knytepunkt på Vestlandet. Dersom dette går i orden raskt blir vi veldig glade. Vi ser frem til å starte opp allereie 24. juni med avgangar mellom Sogn og Bergen, avsluttar Hauge.
Foto: Tide Buss