Ny direktør i Skyss
Etter ei grundig tilsettingsprosess med sterke kandidatar er Målfrid Vik Sønstabø tilsett som ny direktør i Skyss. Stillinga er ei utfordrande og attraktiv leiarposisjon i utviklinga av eit viktig tenesteområde for fylkeskommunen.
Sønstabø har dei siste månadene vore konstituert i stillinga, og har jobba i Skyss dei siste 10 åra. Ho var den sterkaste kandidaten, og har gjennom ulike leiarroller i Skyss og har sete i styret til tilsvarande selskap i Trøndelag (AtB). God kjennskap til organisasjonen og utfordringane som står føre er viktig for å halde fram med gode leveransar til dei reisande i omskiftelege tider.
Skyss står midt i store endringsprosessar og utfordringar. Dei viktigaste er endringane som digitalisering og automatisering fører med seg på utvikling av tilbod og konkurranse. I 2020 blir Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar til Vestland, og kollektivtrafikken i heile den nye fylkeskommunen skal samordnast. Styrka samordning og organisering med Bergen kommune står og på blokka, etter vedtak i fylkestinget førre veke.
– Skyss vil prioritere å få plass framtidsretta struktur og leiarressursar slik at dei tilsette kan jobbe saman for å møte desse endringane. Målfrid Vik Sønstabø har eit godt utgangspunkt og klare tankar om korleis vi skal få til ei slik organisasjonsutvikling, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune.