– Me trenar på det som aldri skal skje

– Det handlar om å vere føre var og lage gode rutinar for heile organisasjonen om det verst tenkelege skulle skje! Det er grunnen til at me kvart fjerde år samlar troppane og investerar i ein heil dag der beredskapen er einaste tema. Det seier ein ivrig Svein Olav Straand i Telemark Bilruter.

Disponenten har all grunn til å vere nøgd etter at han i vår samla heile 55 innleiarar og tilsette til beredskapsseminar i Bø. 43 medarbeidarar frå administrasjonen, verkstadansvarlege, tillitsvalde, AMU og verneombod i Telemark Bilruter, Telemark Godslinjer og Telemark Transportservice var samla på hotellet for å få påfyll og utveksle røynsler.

– Alle dei tre selskapa driv hovudsakleg med tungbil innanfor buss og last, og slik møter me mange av dei same utfordringane dersom uhellet skulle skje. Med seminaret ynskjer me at me saman skal stå betre rusta til å takle slike situasjonar, seier Straand.

Politi og prostidiakon
HMS-ansvarleg Tellef Solås i Telemark Bilruter og driftssjef Jarle Bugge i NOR-WAY Bussekspress hadde sydd saman eit rikhaldig program for å gi fagleg påfyll til dei tilsette med høgst ulike arbeidsoppgåver.

– Har fyrst det verst tenkelege skjedd, er det mange aktørar som blir involvert i prosessen under og etter ei ulukke. Derfor er det viktig for oss alle å få eit innblikk i korleis oppgåvene blir utførde og kva rolle kvar enkelt har. Berre slik kan me vere best mogleg budde på det som aldri skal skje, seier Tellef Solås.

På beredskapsseminaret fortalde alt frå lensmann til prostidiakon om sine oppgåver og korleis dei arbeider når dei får melding om ulukker. Ambulanse, brannvesen, bilberging og Statens vegvesen gjorde greie for sine utfordringar i samband med små og større ulukker, og forteljingar og foto gjorde sitt til ein levande prat om beredsskap kring lunsjbordet!

Den viktige klemmen
Prostidiakon Eilev Erikstein i Vest-Telemark tala om psykososial oppfylging etter ei ulukke, og korleis beredskapsgruppene til kommunane jobbar.

– Det viktigaste er kanskje å vere der! Leggje eit pledd over skuldra. Halde rundt. Finne kaffi og ein matbit. Tenke praktisk! Orda til prostidiakonen gjorde inntrykk. Og sanneleg rørte også Anne Lise Øverland forsamlinga då ho fortalde ope og ærleg om sine røynsler frå «Kollegahjelpen» til Norges Lastebileier-Forbund.

– Det er eit stort ansvar å rykke ut på kort varsel når det verste har skjedd. Ord blir små i møte med ein sjåfør som nett har vore involvert i møteulukke med dødeleg utgang. Ikkje alle vil prate der og då – men tilbodet skal vere der. Trongen til å dele dei sterke inntrykka kan kome etter fleire år, fortel Øverland.

– Så er det ikkje alltid lett å finne orda når ein kollega kjem attende etter sterke opplevingar. Men hugs no at ein klem kan seie meir enn ord – også mannfolk og gode kollegaer imellom! Styrk Fjærtoft Trondsen som tala om pressas rolle i samband med ulukker, kvittera med å gi Anne Lise Øverland ein klem som takk for dagens sterkaste bidrag!

Viktig samling
– Me kan ikkje lage reglar for alt, men dagen sette i gang ein prosess på kva eg kan bidra med om noko skjer. Og me er mykje takksame for gode tilbakemeldingar frå både eigne medarbeidarar og eksterne innleiarar, seier disponent Svein Olav Straand og trekker fram Henning T. Rulnes i Bø, Tokke og Vinje Ambulansetjeneste:

– Veldig bra av selskapet å lage ein slik dag! Me har alle mykje å hente på slike samlingar og tema – og ikkje minst så er det lettere å spørje kvarandre om det skulle vere noko.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.