I dag starta ny ekspressbussrute mellom Sogndal og Bergen
I dag gjekk dei fyrste avgangane på den nye ekspressbussen NW420 Sognefjordekspressen mellom Sogndal og Bergen. Til tross for få passasjerar ved oppstart, har busselskapet Tide tru på at fleire reisande vil kome til etter kvart.
Same dag som VY (Nettbuss) la ned ekspressbusstrekninga Voss-Bergen mellom Sogndal og Bergen, starta Tide Buss AS opp ei direkterute for å tette hòlet i rutetilbodet.
– Eg trur det framleis er behov for ei direkterute mellom Sogndal og Bergen. Mange stadar langs denne strekninga er ekspressbussane det raskaste og viktigaste fylkeskryssande alternativet for kollektivtransport, seier Svein Helge Hauge som er produkt- og konseptsjef i Tide Buss AS.
Sognefjordekspressen vil i fyrste omgang ha ein dagleg avgang, måndag til fredag i tillegg til søndag, i kvar retning. Ruta er lagt opp slik at det er mogleg å reise tur/retur Sogn-Bergen på ein dag. Endestopp i Bergen blir på Haukeland sjukehus slik at ein kan bruke ekspressbuss i samanheng med sjukehusavtalar. I sommarhalvåret vil tilbodet bli utvida med ei dagleg sesongrute mellom Bergen og Flåm.
– Dagens passasjermengde var ikkje den store. Det hadde vi heller ikkje forventa ved oppstart. Likevel trur vi at ruta har potensial, og vi håpar at folk vil nytte seg av dette tilbodet framover.
Hauge fortel at Tide legg vekt på at bussruta korresponderer med annan kollektivtransport i regionen på viktige knytepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster.
– Ruta vil køyre under profilen til Nor-Way Bussekspress, og det er sjølvsag også mogleg å bestille korresponderande billett vidare med dei andre rutene i Nor-Way samarbeidet, seier Hauge.
Viktig for nye Vestland fylke
Hauge peikar på at det ved overgangen til nye Vestland fylke vil vere viktig med eit godt transportalternativ til privatreiser, jobbreiser, for turistar og studentar.
– Vi veit at denne ruta betyr mykje for innbyggjarane i Sogn som reiser til og frå Bergen i ulike ærend. Dette tilbodet er kanskje spesielt viktig for dei som skal til Haukeland sjukehus. Difor har vi lagt opp til at ruta vil ha endestopp like ved sjukehuset, seier Hauge.
Det er likevel ei forutsetning at ekspressbussruta blir godkjend av Hordaland Fylkeskommune. Tide køyrer i fyste omgang ruta på dispensasjon, inntil løyvesøknaden er ferdig behandla.
– Vi ønskjer å sikre at det framleis finnast eit fullverdig tilbod mellom to sentrale knytepunkt på Vestlandet. Dersom dette går i orden raskt blir vi veldig glade, avsluttar Hauge.