Endringer på holdeplasser i Bergen

Olav Kyrres gate og Carl Konows gate blir stengde, og mange haldeplassar blir flytta. Dette vil påverke omtrent 30 000 kollektivreiser kvar dag.

Olav Kyrres gate skal rustast opp i regi av Miljøløftet, og gata kjem til å vere stengd i litt over eit år.

Gata skal leggjast betre til rette for mjuke trafikantar, og den skal oppfylle krava til universell utforming. For å få til dette blir køyrearealet i den nordaustre delen redusert. Det blir breiare fortau fleire plassar, og det skal leggast nye varmekablar i deler av fortaua. Det blir nytt rullevennleg dekke på 1,5 meter i heile gatas lengde i sida mot Byparken og ruteinformasjonen skal bli betre.

Området dette gjeld, strekkjer seg frå Småstrandgaten til Foreningsgaten. På denne strekninga blir gata stengd i heile anleggsperioden. Alle haldeplassane i Olav Kyrres gate og Nordahl Bruns gate blir difor flytta i denne perioden, og mange bussruter vil få endra trasé.

Vi har laga ei detaljert oversikt over korleis dette vil påverke kollektivtrafikken og kvar du finn dei nye haldeplassane for kvar linje.

Denne oversikta finn du her

ENDRINGAR PÅ LAKSEVÅG

På same dato, 23. april, startar oppgraderinga av Carl Konows gate på Laksevåg i regi av Miljøløftet. Strekninga blir i dag opplevd som utrygg for gåande og syklande, og har stort behov for utbetring. Vegen skal rustast opp til universell utforming av kantstopp, busslommar og gangareal. Det blir samanhengande sykkelfelt langs Carl Konows gate som skal knytast saman med det eksisterande sykkelfeltet i Kringsjåveien og Michael Krohns gate. Syklande får stort sett eige sykkelfelt, skilt frå annan trafikk.

Det skal òg etablerast eit fortau mellom Carl Konows gate og Herman Grans veg langs Fyllingsveien.

Carl Konows gate og eit stykke av Fyllingsveien blir stengde i ulike fasar av arbeidet. Kollektivtrafikken blir påverka i ulik grad i tre periodar på til saman 15 månader. Dei første seks månadane vil bussane køyre Damsgårdsveien frå sentrum i staden for Carl Konows gate. Etter seks månader blir Kringsjåveien òg stengd, og alle bussane køyrer Damsgårdsveien begge vegar. Det blir oppretta ein ny variant av linje 19 som køyrer Oasen–Løvstakkskiftet–Oasen. Denne linja skal heile 19B. Bussane som har køyrt Fyllingsveien, vil i ein periode køyre gjennom Løvstakktunnelen og Øvre Fyllingsvei.

På skyss.no kan du når som helst sjå kva som er gjeldande haldeplassar og kvar bussane vil køyre.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.