Belønningsavtale: Buskerudbyen får 160 millionar kroner til kollektivtransport, sykkel og gange
– Regjeringa bidreg no med 160 millionar kroner for at folk i Buskerudbyen kan få ein enklare reisekvardag. Skal fleire velje å gå, ta buss eller sykle må vi legge til rette for at det vert enklare og at dei får eit forbetra tilbod. Difor tilbyr regjeringa no eit betydeleg beløp for transportløysingar i Buskerudbyen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Buskerudbyen får no tilbod om ein ny belønningsavtale på til saman 160 millionar kroner for perioden 2020-2021. Midlane vert fordelt med 80 millionar kroner i 2020, og med same beløp i 2021.
Målet med avtalen er at det skal bli betre framkome, miljø og helse i Buskerudbyen (Buskerud fylkeskommune, Drammen kommune, Lier kommune, Kongsberg kommune, Nedre Eiker kommune og Øvre Eiker kommune). Pengane skal mellom anna gå til betre kollektivtransport, inkludert betre pendlarparkering og knutepunkt.
I avtaleperioden skal det vere nullvekst i persontransporten med bil. Målsettinga for trafikkutvikling skal nås gjennom tiltak som fremjar kollektivtransport, sykkel og gange, arealpolitiske verkemiddel, parkeringspolitikk og ytterligare samferdselssatsing.