Ny rekord i kollektivreisande i Hordaland
I 2019 var det ny rekord i kollektivtrafikken i Hordaland med 78,9 millionar reisande. Det er ein auke på 6 prosent i høve 2018. Bybanen aukar mest, med heile 16 prosent, og nærmare seg 19 millionar årlege passasjerar.
Sidan 2010 har passasjertala for kollektivtrafikken i Hordaland hatt god vekst kvart einaste år. For reiser innan Bergen kommune er auken på nær 140 prosent sidan 2010. Reisetala for 2019 syner framleis at stadig fleire reiser med buss, båt og bybane.
Bybanen aukar mest og hadde nær 19 millionar passasjerar i fjor.
I 2018 viste statistikken for Hordaland at det var totalt 73 millionar kollektivreiser. Reisestatistikken frå Skyss for 2019 endar på 78,9 millionar reiser, som gir ein prosentvis auke på 6 prosent.
Aukar meir enn auken i folketal
Auken i reisetala er langt over veksten i folketalet i regionen, som i Bergen var på 0,5 prosent i 2019, og i Hordaland totalt under 0,4 prosent, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Statistikken for kollektivreisande i Hordaland viser formidable gode tal. Eg er veldig takknemleg for at innbyggarane reiser kollektivt og klimavennleg. Det er tilfredstillande å sjå at våre politiske prioriteringar, blir sett pris på og at den sterke veksten held fram. Vi ser at velfungerande kollektivtrafikk også er ein nøkkel for at vi når nullvekstmålet for personbiltrafikken, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Auke i bussreisande
Det er vekst i talet på påstigingar på buss både i og utanfor Bergen. I Hordaland er det ein auke på 9 prosent i tal reisande utanom Bergensområdet.
– Eg synest det er ein god auke for bussreisande også i distrikta i Hordaland, noko som viser at vi må fortsette å legge til rette for gode kollektivtilbod i heile fylket.
Noko av årsaka til høgare tal for Hordaland er automatisk passasjerteljing i Nordhordland, som gir sikrare reisetal. Samstundes er det teikn på at den nye takst- og sonestrukturen frå hausten 2018, har gitt auke i talet på bussreisande, særleg i pendlarkorridorane inn mot Bergen. Det vert seld fleire 30-dagars periodebillettar enn før, og det er auke i salet på slike billettar mellom sone A (Bergen) og pendlaromlandet. Skyss arbeider med ei evaluering av takst- og sonestrukturen der dei ser nærare på desse effektane.
Omleggingar av busstrafikken
I samband med stenginga av Olav Kyrres gate i april 2019 fekk svært mange busslinjer i Bergen nytt køyremønster i Bergen sentrum. Reisestatistikken syner gledeleg nok at reisetala for buss blir oppretthaldne. Noko av auken i påstigingar på Bybanen kan ha samanheng med at fleire reisande tek banen mellom Byparken og Bergen busstasjon, for å kome til og frå bussen sin.