Koronakompensasjon: Oslo, Viken, Vestland og Nordland får utbetalt i alt 76,8 millionar kroner meir til fylkeskommunal kollektivtransport

Kollektivtransporten blei hardt råka av koronapandemien. For å dekkje tapte billettinntekter og bidra til omstilling etter pandemien har staten stilt opp økonomisk for fylkeskommunane. Tidlegare i år fekk Oslo kommune og tre fylkeskommunar diverre utbetalt for lite i koronakompensasjon. Dette rettar vi no opp i, slik at blir litt enklare for desse fire å utvikle kollektivtilbodet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Stramme tidsfristar i samband med utrekning av utbetalingar i august 2022 førte til at prognosar for inntektstap blei brukt i staden for reknskapstal. For Oslo og fylkeskommunane Viken, Vestland og Nordland var dei reelle inntektstapa høgare enn prognosane, slik at utbetalingane blei for låge.

Etter ein gjennomgang har Samferdselsdepartementer kome fram til at den samla differensen mellom prognosar og relle inntektstap er på 76,81 millionar kroner. Dette er fordelt med 13,6 millionar kroner til Oslo kommune, 42,81 millionar kroner til Viken fylkeskommune, 15,3 millionar kroner til Vestland fylkeskommune og 5,1 millionar kroner til Nordland fylkeskommune.

Midlane vil bli utbetalt no i desember som ein del av rammetilskotet over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. 

8,5 milliardar kroner i netto tap er dekt
I alt har fylkeskommunane fått utbetalt 8,5 milliardar kroner gjennom kompensasjonsordninga siden mars 2020. Når ein ser perioden frå mars 2020 til juli 2022 under eitt, har alle fylkeskommunar fått dekt heile nettotapet i den fylkeskommunale kollektivtransporten gjennom ekstra utbetalinger frå staten. I tillegg kjem 500 millionar kroner i omstillingsmidlar.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.