Kollektivveksten endå større enn tidlegare berekna

Reisetala for kollektivtrafikken i Hordaland har vist god vekst i mange år. Tala for 2017 viser at veksten held fram, og frå 2016 til 2017 var den på heile 5 prosent.

Ein auke på 5 prosent er langt over veksten i folketal i regionen, som i Bergen var på 0,5 prosent i 2017, og i Hordaland totalt var 0,6 prosent.

– Det er svært gledeleg å sjå ein slik vekst i talet på kollektivreisande. Eg er glad for å sjå at strategien vår fungerer. Mange fleire enn før nyttar kollektive tilbod i kvardagen, og dette er ei heilt naudsynt utvikling om vi skal nå måla om lågare biltrafikk og fleire som reiser kollektivt, syklar og går, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

I 2016 viste statistikken for Hordaland at det var 56,4 millionar kollektivreiser. Tala for 2017 gir heile 70 millionar reiser. Den prosentvise auken er på 24 prosent, men brorparten av denne endringa skuldast ny teljemetode. Dersom ein reknar reisetal etter same metode som før, er auken frå 2016 til 2017 altså på om lag 5 prosent.

Nye betalingsformer, ny teljemetode
I 2017 har Skyss gått over til å telje passasjerar på buss og bybane etter ein ny metode. Reisetal vart tidlegare basert på billetteringsdata, tal på kortregistreringar, salsstatistikk og ein faktor for gjennomsnittleg tal reiser per periodebillett. Men kjøpsmønstra har endra seg, og i Bergensområdet i dag er om lag 70 prosent av billettane kjøpt på mobil. Etter kvart som mobilbilletten har tatt ein stadig aukande del av salet, har ein fått behov for betre teljemetodar. Skyss har dei siste åra derfor investert i utstyr for automatisk passasjerteljing om bord i transportmidla. 2017 er det første året der automatisk passasjerteljing ligg til grunn for statistikken.

Den gamle modellen for å rekne ut tal på påstigande har vore nytta til og med årsrapporteringa for  2016. Passasjerstatistikken vil derfor ha eit brot mellom 2016 og 2017, når ein seinare skal analysere reisetal.

12,6 millionar tok Bybanen
Bybanen hadde 12,6 millionar påstigande passasjerar i 2017. Bybanen utgjer 18 prosent av totalt tal reiser.

Stor passasjerauke på snøggbåt
På snøggbåt har reisetala auka med 13 prosent frå 2016. På snøggbåt er teljemetoden ikkje endra, slik at dette er ein reell og kraftig vekst. På båtruta Kleppestø-Strandkaien har auken i reisetal samanheng med at fartøyet MS Teisten i februar vart bytta ut med MS Ekspressen. Den nye båten har vesentleg større kapasitet med 100 fleire passasjerplassar. Mange ekstraavgangar og stort påtrykk i samband med sykkel-VM i september ga òg mange ekstra passasjerar på båtrutene Kleppestø-Strandkaien og Knarvik-Frekhaug-Strandkaien i september.

Det er framleis i rush dei aller fleste båtpassasjerane reiser, og det er god plass på avgangane utanom rush og i helgene. Totalt sett utgjer båtpassasjerane 1,6 prosent av dei kollektivreisande i fylket.

Kundetilfredsheita aukar òg
Befolkningsundersøkingar syner at befolkninga både i Bergen og Hordaland elles er meir nøgd med kollektivtilbodet i 2017 enn i tilsvarande måling for 2016. I Bergen er auken i tilfredsheita på heile 10 prosentpoeng. (Sjå søyler nedanfor).

– Det er ekstra gledeleg at det ikkje berre er fleire som reiser kollektivt, men at dei som vel kollektive løysingar også er stadig meir nøgde. Dette syner at vi er på rett veg med utviklinga av kollektivtilbodet i Bergen og Hordaland, slår Anne Gine Hestetun fast.

Kvifor syner ny teljemetode fleire reisande?
Dei nye tala indikerer at ein tidlegare truleg har hatt for konservative anslag over kor mange reiser som blir gjort per periodebillett. Auka frekvens og betre flatedekning av kollektivtrafikken har gjort det enklare for folk å nytte buss og bane til ulike reisemål, mellom anna til kortare reiser. Automatisk passasjerteljing vil òg betre fange opp alle som stiger om undervegs på reisa.

 

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.