Fritt å etablerere kommersielle ruter lengre enn 80 kilometer

Proposisjonen omhandlar endringar i yrkestransportlova som vil gje høve til å fritt kunne etablere kommersielle bussruter lengre enn 80 kilometer éin veg, med høve til å kunne ta lokaltrafikk undervegs. Stortinget vert bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss) i samsvar med eit vedlagt forslag.

Det vert òg gjeve heimel for departementet til å kunne bestemme i forskrifter at flybussruter der passasjerane går av eller på ved ein flyplass kan etablerast utan krav til nedre kilometergrense, skriver Samferdselsdepartementet.

Departementet viser til at det er eit overordna mål å leggje til rette for best mogeleg kollektivtransport. Tilbodet av kommersielle ekspressbussar er eit nyttig og nødvendig komplement til den lokale kollektivtransporten, som samla kan gje eit godt kollektivt transporttilbod som kan redusere behovet for privat personbiltransport. Kommersielle bussruter over ein viss distanse har gradvis vorte liberaliserte, og er som nemnt ovanfor no berre behovsprøvde i høve til lokal rutetrafikk. Behovsprøving av løyver krev normalt større bruk av offentlege ressursar til handsaming av søknader, administrasjon og oppfølging av løyver enn ei rein kvalitetsprøvd løyveordning utan behovsprøving. Ei delvis deregulering av rutetransport knytt til lengda av ruta, vil i noko grad kunne frigjere offentleg ressursar som i dag er knytt til behovsprøvinga av løyver.

Departementet legg til grunn at kommersielle bussruter i avgrensa grad vil ha konkurranseflater mot lokal kollektivtransport. Kommersiell rutetransport vil ikkje kunne konkurrere på like vilkår med lokal kollektivtransport som mottek offentleg tilskot til drifta, med tanke på frekvens, takstpolitikk, overgangsordningar og samordning med andre ruter i det lokale kollektivnettet.

Departementet legg til grunn at det i dag er få eller ingen ruter under 50 km som vert drivne kommersielt.

Departementet har ut frå høyringsuttalene valt å auke grensa for fri etablering av kommersielle bussruter til 80 kilometer i framlegget. Departementet viser til høyringsuttalene, og legg vekt på at ei lågare grense for etablering av kommersielle ruter kan bidra til eit meir ustabilt og uoversiktlig lokaltrafikktilbod ved at det lettare kan føre til at aktørar vil kunne etablere ruter som ikkje kan drivast økonomisk forsvarleg over tid. Framlegget om å auke den nedre grensa til 80 kilometer ein veg er betre tilpassa den eksisterande marknaden for kommersielle langruter slik den er i dag. Ei lågare grense vil i større grad kunne opne for små aktørar som ikkje har nødvendig økonomi eller erfaring frå rutedrift med dei følgjene det kunne ha for stabiliteten i rutenettet.

Det vert difor lagt opp til at det vert sett ei nedre grense i lova på 80 km for departementet sin heimel for å fastsetje i forskrift kva ruter som skal behovsprøvast.

Departementet presiserer at avreguleringa omfattar kommersielle langruter over ei viss lengd. Eventuelle søknader om kommersielle ruter som er kortare enn 80 km, skal framleis behovsprøvast mot andre lokale ruteopplegg. Det er opp til løyvestyresmakta å bestemme dette.

Når det gjeld EU-kommisjonen sitt framlegg til endring i forordning 1073/2009, viser departementet til at framlegget til endringar ligg innafor handlingsrommet til framlegget slik det ligg føre i dag. Departementet vil likevel understreke at det er usikkert kva reglar EU vil vedta på dette området.

Til yrkestransportlova § 6, nytt andre ledd

Bestemmelsen slår fast at løyver til rutetransport over ei viss lengd ikkje skal behovsprøvast.

Det vert gjeve heimel til departementet til å fastsetje den nedre grensa for lengda på ruter som ikkje skal behovsprøvast i forskrift. Bestemmelsen fastset likevel at det ikkje kan setjast ei lågare grense enn 80 kilometer. I framlegget er ruteløyve avgrensa til å gjelde kommersielle langruter over 80 kilometer, som i utgangspunktet ikkje får godtgjersle eller einerett til å utføre offentleg teneste.

Med nedre grense meinast 80 kilometer éin veg.

Dersom det vert gjeve ruteløyve til ruter lengre enn 80 kilometer, skal det heller ikkje behovsprøvast mot lokal transport på nokon del av rutestrekninga.

For ruter under 80 kilometer vil behovsprøvinga framleis gjelde. Det er til dømes opp til fylkeskommunane om behovsprøvinga i det einskilde tilfellet skal føre til avslag på søknad om løyve, eller at ruta vert oppretta med avgrensing i retten til lokaltransport.

Departementet kan i forskrift fastsetje at særlege former for persontransport i rute kortare enn 80 kilometer ikkje skal behovsprøvast. Med særlege former for persontransport meinast rutetransport som kan fylle eit anna behov enn rein lokaltransport, til dømes transport til og frå flyplassar.

Tom T.

Tom Terjesen er født i Kristiansand, men bor nå på Tromøya i Arendal. Begynte tidlig å få interessen for trykt media. Var løpegutt i avisen Sørlandet. Flyttet som 12 åring til Kvinesdal og begynte umiddelbart som ung frilanser for avisen Agder. Som 19 åring flyttet han til Høvåg og var med på oppbyggingen av Høvågavisa. Senere har han vært frilanser for en rekke tidsskrifter landet over. 2002 grunnlag han Bussmagasinet som i dag er landets største og viktigste fagtidsskrift for bussbransjen. Han er også president i den internasjonale Bus & Coach jury.